Valper

Valper 2026!!


Kvasneset`s Viva La Vida x Toffedreams Hawkeye ventar forhåpentlegvis valpar rundt 4. oktober 2026.

Vi ser fram til valpa og håpar verkeleg at denne paringa vil gi resultat – 4 er talet i år. Ikkje minst håpar vi at denne kombinasjonen kan gi oss gode representantar for denne flotte rasen.
Vi ønskjer alltid å finne hundar som passar godt saman. Målet er å få eit jamnt kull der helse, mentalitet, eksteriør og «will to please» går hand i hand.

Vi håpa på herlige familiehundar som muleg kan nyttast til mykje!
#familieven #turglede #jakt #spor #lydighet #ettersøk #utstilling #hundeglede…

Valpane vil bli registrert i NKK, blir helseundersøke av veterinær, id-merka og vaksinert, samt dei får fire omganga med markkur.
Som valpekjøper får de med ein godt utfyllt valpeperm med diverse informasjon som er nyttig gjennom hunden sitt liv, valpepakke og eit teppe til valpen med kjent lukt.


Toffedreams Hawkeye «Loke»
Kvasneset`s Viva La Vida «Frøya»
Stamtavlen til valpane som forhåpentlegvis kjem rundt 4. oktober…


I januar 2026 inseminerte vi Frøya med frosen sæd, men den gongen gjekk ho tom. Vi prøvde også å parre Abi i romjula 2025 med «Loke» (Toffedreams Hawkeye) – ein fantastisk flott hannhund som vi har vorte godt kjende med etter fleire fine møte. Han er ein supertriveleg, harmonisk, vakker og sunn hannhund som vi no verkeleg håpar å få valpar etter.

«Frøya» er ei herlig tispe som er enkel å ha i kvardagen, i møte med andre hundar, ha ho med over alt og å trene med. Bente har vore rundt på utstillingar med henne, og dei har verkeleg vist seg godt fram.
Ho er ikkje berre vakker, men har også eit heilt herleg gemytt og er elles sunn og frisk. Frøya er den av hundane etter «Keesha» som er mest lik mor si.
Ikkje berre kjenner vi tispelinja godt, men faren til Frøya, Ivar, er etter vår eigen «Bajas» og Barbro si «Esther», som vi hadde nær kjennskap til.

Det er veldig fint å kjenne linjene bakover så godt. Vi veit om det meste, sjølv om det sjølvsagt alltid kan liggje noko skjult. Vi har uansett verkeleg tru på at dette er ein god kombinasjon som kan gi oss sunne, vakre og rasetypiske valpar som vi kan få glede av i åra framover.

Veronica har skrive nokre ord om sin flotte firbeinte gut:
Loke har ett hjärta av guld, snäll mot allt och alla. Älskar jaktträning, fint grepp, full fart i arbete med bra av och på knapp. Duktig markör. Utöver jaktträning är viltspår och nosework någonting som Loke älskar . Loke är svensk viltspårchampion och tränar nu för finsk och norsk championat. I nosework är vi i klass 2.
Under vintern tränar vi även lydnad och rallylydnad
Loke är en duktig arbetshund med fina retriver egenskaper . Tyvärr har mattes kunskaper inte gjort att vi startat på b-prov än men målet är såklart att starta.( min första flat)


Loke bidrar med fin genetisk variation i rasen. Via flatklubben gjorde vi ett test under 100 så kommer nytt blod in . Loke fick -67. Släktindex 94.2 (under 100 är målet )
Loke älskar att showa i utställningsringen också. Han är svensk, lettisk, polsk, estisk och internationell utställningschampion.
Hemma är Loke lugn och en riktig mysfarbror. Han håller sin matte kär och brukar kallas för sin mattes skugga.
..

Vi ser verkeleg fram imot å endelig (håpa vi) at det kjem valpa etter Loke og at vi får det saman med linjene til både Keesha og Bajas som vi ser på som sunne og gode linjer. Samtidig må vi tilføre at dei har hatt sot betyding for oss som verkeleg gode flat coated som gode familiehundar…
Vi ser verkeleg fram imot (forhåpentlegvis!) at det endeleg kjem valpar etter Loke. Det blir spennande å kombinere han med linjene til både Keesha og Bajas, som vi ser på som sunne og gode linjer. Desse hundane har hatt stor betydning for oss, og dei var verkeleg fantastiske hundar og ga herlige avkom…

For første gong skal eit kull bli fødd utanfor huset vårt. I godt samarbeid med Bente, som er deleigar og har Frøya til dagleg, skal valpane vere med ho. Anja skulle meir enn gjerne hatt valpane her heime, men etter ønske henna og den fantastiske jobben Bente har lagt ned med Frøya gjennom åra, var det berre rett og rimeleg at ho fekk ha dei hjå seg.

Vi skal samarbeide tett for å sikre at valpane får akkurat den same oppveksten og oppfølginga som dei ville fått her med oss. De som kjøper ein av desse valpane, skal vera heilt trygge på at de får ein ekte «Kvasneset-valp».

Det blir spennande å følgje dei litt frå sidelinja, og ikkje minst føre vidare linjer eg har stor tru på i framtida.

Eg gler meg verkeleg stort til dette!!