Tidlegare kull

Tidlegare kull


Vi er så heldige at vi har hatt kull på tre ulike rasar i løpet av dei snart 30 åra våre som aktive oppdrettarar. Det er spennande, interessant og utruleg givande å skape nye kombinasjonar, samstundes som vi får berike familiar med eit nytt lite og fantastisk familiemedlem.

Alle kombinasjonar er nøye gjennomtenkte. Vårt mål er alltid å avle fram sunne individ som får eit langt og godt liv. Som oppdrettarar opplever vi likevel at hundar kan få forkorta livet sitt på grunn av sjukdom eller skadar. Dette er utruleg trist, men det er ein realitet vi må ta høgde for når vi arbeider med levande skapningar.

Er du interessert i å sjå meir?
Klikk deg vidare på den rasen du ønskjer å sjå kull etter nedanfor.

Flat coated retriever

Første kullet vårt såg dagens lys 29. oktober 2000 etter NUCH SU(U)CH VWW-08 Tårpilens Bogart og Coneken`s Glenmorangie Port Wood.
Dei to ligg framleis bak i linjene vi har i dag.


B-Kull født 26.10.2024

A-Kull født 14.10.2023

Z-Kull født 07.09.2022

Y-Kull født 30.05.2022

X-Kull født 06.03.2022

W-Kull født 12.09.2021

V-Kull født 05.03.2021

U-Kull født 24.11.2020

T-Kull født 14.07.2020

S-Kull født 04.11.2019

R-Kull født 04.10.2019

Q-Kull født 27.11.2018

P-Kull født 01.04.2018

O-Kull født 07.03.2018

N-Kull født 13.06.2017

M-kull født 30.03.2017

L-Kull født 26.11.2016

K-Kull født 22.04.2016

J-Kull født 13.07.2015

I-Kull født 24.12.2014

H-Kull født 15.06.2010

G-Kull født 28.09.2008

F-Kull født 08.05.2007

E-Kull født 02.05.2006

D-Kull født 03.09.2004

C-kull født 20.06.2004

B-kull født 21.02.2002

A-Kull født 29.10.2000

Papillon

Første kullet med papillon kom nøyaktig 5 år etter flåtten, 31. oktober 2005 etter N UCH Infanta’s Love Is In The Air og N UCH Elegante Nina Del Suspiros.


B-Kull født 28.01.2012

A-Kull født 31.10.2005

Amerikansk cocker spaniel

Nesten 25 år etter vårt første kull kom det 16. juli 2025 eit kull med herlige amris etter NV-24 OSLV-24 SE U(U)CH Micadee´s Power Trip og NUCH Caci’s Catwalk at Kvasneset.


A-Kull født 16.07.2025