Bilder

Litt om oss...

Vi har eit lite oppdrett av flat coated retriever og papillon. Prøver å få fram sunne og friske hunder med eit godt gemytt og gode bruksegenskaper, i tillegg eit rasetypisk eksteriør...

Forutan vår store lidenskap for hund, er Tom tidlegare yrkessjåfør men i dag er han renovasjonsansvarleg i ÅRIM. Anja er utdanna blomsterdekoratør - har i fleire år dreve blomster- og interiørbutikk i Langevåg nåkke ho stortrivdes med, men etter ein stor ryggoperasjon i 2011 blei ho langt forverra, etter ny operasjon i 2012 er det fortsatt ikkje betring og for tida heilt ute av arbeidslivet - det skal seiast at då er det ekstra godt med fleire firbeinte rundt seg...Ho bruka mykje tid heime samen med vår datter Katja, sonen vår Tim Are og hundene :-)

Interessen for retriever var lagt allereie i barneåra. Tom fekk sin første flat coated retriever i 1983, dette var ein hann med namn Sol-Ham-Na`s Western Prince. Han blei vist nåken ganger på utstilling, elles var dette berre en ”kosehund” og ein god turkamerat. Anja vokste opp med tanta og onkelens golden retriever som var ei herlig gylden tispe. Anja har alltid ønsket seg sin eigen hund... Då Anja og Tom blei saman hadde Tom ein Papillon hann på 1 ½ år som blei kalt Rambo (jadda, litt av ett navn på en papillon).

Dyr i det store og heile har alltid vore av interesse, det har gjennom åra inneheldt bla. kaniner, katta, undulata, hesta, ende, papegøyer og hundar.

Vår første felles ”flatt” fikk vi i 1995, Fonkebakken`s Damien Siko som vi fekk frå Karin og Ole Arve Fagerås. Det var vel egentlig Anja`s hund i teorien, då ho fekk halve med Tom i konfirmasjonsgave og andre delen betalte ho sjølv med pengane ho fikk!!
Anja er familiens ”lesehest” og lese vel det meste ho kjem over av hundebøke. Ho begynte tidelig å lese om genetikk, avl og oppdrett, ho drømte om ein gang å få prøve seg på dette sjølv. For eventuelt å kunne prøve dette må man i første rekke ha ei tispe, så i 1996-1997 begynte vi å tenke på å anskaffe oss hund nr. 2 som skulle bli ei tispe. I september 1997 kjøpte vi Coneken`s Glenmorangie Port Wood "Kira"av Grethe & Gunnar Evensen.

I 1999 var "Kira" 2 år og vi begynte så smått å tenke på å få eit kull, om og visst ho blei ”bra nok” (dette er vel eit begrep dei fleste sette sjølv, etter sine krav om korleis ein bra avlshund skal være… Ein veit jo ikkje om ein hund er ein bra avlshund før ein har prøvd den i avl. Det er ikke alltid dei peneste og ”best trente” (jakt & bruks) som avla best…). Vi regna med vi hadde ”grunnlaget” for å kunne få valper på tispa vår. Mykje lesing hadde det blitt og ein del kurs har vi også vore innom, Anja fulgte også NKK`s serie Hund & Helse mot 2000.

Det som blei det endelige resultatet til Kennel Kvasneset første kull var far Tårpilens Bogart og mor Coneken`s Glenmorangie Port Wood ”Kira”.
Kvasneset`s a-kull såg dagens lys 29. oktober 2000, det blei 1 hanne- og 6 tispevalper…

Vi beholdt ei tispe fra a-kullet og ho blei då vår første eigenoppdretta hund, Kvasneset`s Amy...Ei herlig tispe med eit fantastisk gemytt. Ho trente vi i jakt, spor og ho gjorde det meget bra i utstillingsringen. Ho var absolutt ei tispe etter vår smak!! Ho var meget glad, rolig og harmonisk, men satt gjerne inn høggiret når vi hadde behov for det. Beklageligvis viste det seg at ho ikkje var nåkke avlstispe. I kull nr. 1 fikk ho 3 valper (1 død) og i kull nr. 2 fikk hun 1 valp. Vi valgte då å ikkje ha fleire kull på ho - det kan vere tilfeldigheter og parring på feil tidspunkt. Vi var då så heldig å få låne Ayla, Amys kullsøster for å få videreføre dei gode linjene til vårt a-kull...

I dei åra vi har hatt hund, har vi trent spor, jakt, lydighet og vore på ei rekke utstillinger. Med mykje reising rundt om har vi vore så heldig, å komt i kontakt og blitt kjent med ei rekke hyggelige mennesker, som vi ser fram til å treffe kvar gang vi skal ut å reise…

Etter nåkken år utan papillon - begynte Anja leiting etter ein ny liten hund...Valget var nok ikkje så vanskelig då ho fann ein planlagt kombinasjon av 2 herlige hunder ;-) Ho var første på listen på tispe, vi venta ei stund før vi fikk beskjed om at der var 2 valper 1 tispe og 1 hanne...Tispa ble svart-hvit, ikkje heilt etter planen men slik blei det! Wismy eller Wimsen som vi kalte ho, hadde eit herlig gemytt, men var ei aktiv tispe med masse futt! Ho fikk sitt siste cert og ble champion før ho var 2 år...

Nøyaktig 5 år fra vårt første flattkull, kom vårt første papillonkull 31.10.2005...Tre herlige valper, 1 herlig svart-kvit hanne og 2 trefarget tisper. Kvasneset`s A-kull blei etter NUCH Infanta`s Love is in the air & NUCH Elegante Nina del Suspiros...
Hannen solgte vi som familiehund, vi beholdt her "Tutta" som vi etterkvart satt ut på for, og den siste tispa blei solgt til Anne-Lise Beckman kennel i Sverige.

Vi hadde ei stund hatt planer om å skaffe oss ei ny tispelinje – det endelige valget landa på ei herlig liten tik; Gunways Flying Butterfly "Ida"! Ho fikk Kvasneset`s G-kull etter vår eigen "Bajas". Ida satt vi ut på for og beklageligvis har tida og Anja`s helse jobba imot oss slik at ho ikkje fikk fleire kull hos oss…Kanskje får vi ein dag videreføre linjene henna ved bruk av ein hannhund etter ho. For tispa som vi beholdt blei også for gammel for kull...

Eit godt ordtak eg fann på ei side; Hunden tror den er menneske - - - Katten vet den er Gud !

Kanskje grunnen til at vi ikkje har katt i huset akkurat no... ;)